May 18, 2012 at 19:19 by admin
Tropp: Kjell, Robert, Leiv Sindre, Oskar, Andreas, Marius, Tor Arne, Preben, Anders, Eivind, Kurt Ove, Christoffer, Jørn, Richard, Thomas, Johnny
Då skal vi ut på tur igjen, men denne gongen held vi oss på Sunnmøre. Vi skal til Ålesund for å møte Herd på Color Line Stadion, på papiret kanskje årets vanskelegaste kamp. Men det å møte eit så godt lag på ein flott stadion gjer berre at vi gler oss enno meir til kamp, og vi har god tru på at vi skal bite godt frå oss i morgon!
Etter ein svak kamp borte mot Sunndal gjorde det godt å slå tilbake med seier mot Volda førre fredag. Vi spelte ein veldig solid kamp, spesielt sat den defensive organiseringa bra , og vi slapp Volda til svært få sjansar. Det håper vi å bygge vidare på i morgon, for det er liten tvil at vi må vere gode defensivt om vi skal få med oss poeng mot Herd. Når det er sagt har vi sjølvsagt stor tru på eigne ferdigheiter, og vi veit at vi er gode nok til å spele oss målsjansar mot alle lag. Klarar vi å tette igjen bakover er sjansane for poeng gode.
Torgeir er dessverre uaktuell etter at han skada hælen den nemnde kampen mot Volda. Det same gjeld Alf Marius som fekk seg ein smell i rekruttkampen mot Hareid 2. Veldig synd, men vi håpar begge snart er tilbake i trening. Det gledelige er at Johnny er tilbake trening etter strekkskada si. Veldig positivt også at Jørund, som har vore skada i heile år, har også vore på trening denne veka.
Det skal godt gjerast å fylle Color Line Stadion, men vi håpar og trur på god støtte frå vårt fantastiske publikum. Dokke sluttar aldri å imponere oss, og vi vil takke alle som stilte opp og heia oss fram førre fredag trass i eit ufyseleg vær. Vi skal gjere alt vi kan for å gi dykk ei positiv oppleving i morgon!
God kamp!
Anders, Bassen og Andreas
No Comments